Vil du gjera to små tvillingar glasglade?
Viss ja, fylgj med her: Me driv nemleg og restaurerer vindauga våre for tida. Og skulle gjerne hatt tak i glas av eldre kvalitet til desse vindauga. Me snakkar handblesne glas eller bølgjeglas. Glas som glitrar når du ser på dei i all si skjoldete prakt. Me treng nemleg litt glas, både fordi me har knust litt og fordi nokre av vindauga våre har moderne glas og det likar me ikkje. Om du har glas og ikkje treng det meir, gje oss gjerne ein lyd!
Har du glas så treng me både store og små. Vindauga til venstre er til dømes breidde 35 cm og høgde 105 cm.
Forøvrig kan me røpa at medan andre kanskje står og bakar jolekaker står me heller og rullar deig av linoljekitt. Kittet brukar me på vindauga våre. Linoljekitt luktar veldig godt og er superdeilig å arbeida med, ja, det er rett og slett det deiligaste me veit for tida. Ja til meir linoljekitt i verda!
Meir om prosessen med vindaugsrestaureringa kjem seinare.