Førjolstid
Det lakkar og lir mot jol. Sjølv om me eigentleg ikkje har så veldig adventstemning er det fint å kunna pynta opp med litt ljos. Inne i huset går det litt treigt for tida sidan ein av oss er vekkreist på kurs mesteparten av tida. Men i helga vart det tid til både litt vindaugsrestaurering og førebuing av å legga isolasjon på loftet.