God jol frå oss!
Nokre av godbitane me har liggande her på prestegarden er gamle blad. Faktisk ganske uendelege mengder. Det merkas at me kjem frå ein lesande familie for å seia det slik. Her eit lite utval jolehefte frå tidleg 1900-tal.
Og me har sjølvsagt verdas søtaste hefte med jolesongar på nynorsk. Me elskar! Fager er jordi er favoritten av dei alle. Seinast no i adventstid var me på konsert og song “Fager er jordi” av full strupehals medan dei rundt oss song “Deilig er jorden”.
Og med dette prakteksemplaret i form av ein tvilling ynskjer me dykk ei god jol!