I dag fann me denne vasken!

Noko av det kjekkeste eg og Gudrun veit er å finna gamle ting som me kan bruka opp att. Det er noko eige over å bruka dei tinga som opphavleg var her, eller har kome til tidleg på 1900-talet. Det kjekke er at det er lite som har vorte kasta her. Så på dei mest uventa stader klarar me å dra fram fine ting. Me har potensielt tre stader der me kan finna uventa ting. Den eine staden er på loftet, under stabburet og inne i vedskjulet. I dag fann me ein fin, gamal porselensvask under stabburet. Me elskar porselen så dette var kjekt! Me er mest fascinert over at me ikkje har oppdaga den før. No vert det meir skatteleiting under stabburet i tida framover.

Der inne låg vasken. Og små tvillinghjarte hoppa litt ekstra.

Der inne låg vasken. Og små tvillinghjarte hoppa litt ekstra.

Gudrun klår litt på vasken

Gudrun klår litt på vasken

Her var det eit gamalt hovud på krana

Her var det eit gamalt hovud på krana

Medan det her var eit nyare hovud. Me skulle gjerne hatt to av den gamle varianten. Så om du har nokon liggjande tek me gjerne i mot <3

Medan det her var eit nyare hovud. Me skulle gjerne hatt to av den gamle varianten. Så om du har nokon liggjande tek me gjerne i mot <3