Adios til teppegolva!
Denne veka har vore teppegolva si veke. Nærare bestemt har det vore veka for å seia ha det bra til tre av teppegolva våre. Sidan me er fødde på 80-talet og teppegolva er frå 70-talet er det nærast som å seia ha det til ein del av oss. Sjukt rart å tenkja på at golva allereie har rukke å bli 40 år. Det seier litt om kor gamle me er. Me håpar ingen fjernar oss når me vert 40 år.
Det fyrste rommet ut var det me kallar for Kristi sitt rom. Her låg det eit golv i kvite og brune tonar. Halldis var spent før arbeidsøkta starta. Ho hadde nemleg aldri fjerna slike tepper tidlegare. Det viste seg derimot at det var enkelt å fjerna sjølve teppet. Under teppet såg det slik ut:
Tett i tett med plater. Det viste seg óg at slekta vår var veldig glade i å bruka spiker. Største utfordringa her var at platene var festa under listene. No er det og eit lite holrom under listene som me ikkje heilt veit kva me skal gjera med.
Under platene ser det slik ut. Tregolv med avrettingsmasse oppå. Flaks at det var golvet som var avretta og ikkje me!
Rom 2 hadde blått teppegolv i ein faktisk ganske kledeleg nyanse. Me har alltid høyrt at me kler blått nemleg. Men også her skulle teppet ut.
Gudrun viser og her korleis ein bør kle seg når ein arbeider i stort hus. Her i kledd raude ulltøflar mamma-stil, buksa med blomar på, og prikkete ullgensar. På hovudet har ho grøn hua.
Halldis i ferd med å fjerna spiker. Som de ser går Halldis for ull. Ull er gull. Halldis går forøvrig i stillongs dagen lang. Som systra si har ho på seg kledelege ulltøflar.
Gudrun i kjend stil med kyrabeinet i hendene.
Det siste romet for denne gongen er det romet som Halldis har budd på tidlegare. Som på rom nummer 1 har ein gjenge for teppe i kvite og brune nyansar. Ein herleg kombinasjon.
No er derimot alle teppegolva køyrt til avfallsplassen. Til veka vert det sliping av golva og alle tvillinghjarte gler seg til å etterkvart få vakre tregolv på plass.