Ein tapet kjem fram att i ljoset
Denne tapeten har du kanskje sett før seier du. Og det stemmer. Denne har me nemleg hatt på eit av kotta våre, og me har alltid vore glade i den. I samtale med ein av dei tidlegare prestedøtrene som har budd her tidlegare visste me og at det var eit soverom til som hadde ein tapet med blomar på. Tidlegare i vinter så valde me difor å sjå under panelet på soveromet. Var det denne tapeten som var der og?
Og ja, under panelet var det same tapet her. Det var faktisk utruleg spennande akkurat då me oppdaga det. Gudrun på telefon i Oslo og eg & pappa her. Dette har vore pappa sitt rom, men han hugsa ikkje kva som var under panelet. Halldis har óg budd nokre år på dette romet. Det var nok eit lite dilemma for Halldis, sidan ho eigentleg var glad i panelet som var der. Og det gjorde faktisk vondt å ta ned panelet, sjølv om ho óg synest tapeten er fin. Det som er litt interessant å tenkja på er at med ein gong me tek fram gamle tapet, så vert me redde for at me skal øydeleggja dei meir, sossa måling på det og liknande.
Uansett, så byrja me å ta ned taklister og panel. På noko av arbeidet hadde me med oss storesystra vår, som tok seg ein liten “ferie” hjå oss. Systrene sisters fiksar det meste nemleg.
Så no er heile panelet nede, og i sommar har me måla golv, laga til golvlister i same mal som tidlegare brukt, skore til desse og målt. Tapeten er stort sett heil, men er sliten nokre stader og har nokre skadar. Me ser på det som levd liv så det skal me klara å leva med. Det einaste me ventar på no er at bror vår skal laga til litt meir av taklistene. Sidan me no har fjerna panelet, er romet større og me treng litt meir taklister. Me har óg funne dei opphavlege dørlistene som høyrte til på romet, men nokre av dei er øydelagte. Difor lagar me til meir av dei. Me har óg funne dei opphavlege vindaugslistene.
Ting tek tid når me skal rota fram gamle lister og laga kopiar av dei. Men no listar me oss fram her i livet, og snart er romet ferdig (vonar me).