Veggen stend der endå
Fine veggen vår, står der og blømer i både sol og regn! Men snart skal den både få litt isolasjon og den gamle kledningen sin opp att. Me reiv ned mesteparten av veggen i april og mai har me stort sett brukt på å tenkja ut korleis me skal gjera dette. Restaureringa av gamle hus krev mykje tenkjing, særleg når me skal bruka opp att same kledning, og helst vil at utsjånaden skal vera det same. Halldis vart nesten litt utmatta av all tenkjinga, og måtte ta seg ein pause. Elles brukar me stort sett all fritida vår (i den grad me har fritid) på å fjerna måling og å måla med linoljemåling. Sidan veret har vore særs skiftande i det siste med både sol, varme og regn samstundes, har me vorte flinke til å springa under tak med nymålt kledning. Neste veka startar me etter planen med isoleringa, og det vert godt å koma i gang.
So til vekas gladnyheit. No sprett rosene fram! Me har historiske roser og dei luktar himmelsk.