Dette er prestegarden!

På prestegarden har me ein del bygningar. Slik såg det ut i tidlegare tider tidleg på 1900-talet.

Evanger - Væle prestagard..jpg

Husa som er på prestegarden no er frå 1893. I år er dei 125 år, hurra for det! Sjølvaste våningshuset på garden er eit sveitsarhus bygd i same stil som sveitsarhusa på Austlandet.

DSCF2899.jpg

No treng huset litt kjærleik for at det skal koma tilbake til gamle dagers prakt. Utvendig skal gamle spir opp (me håpar me finn dei ein stad). Til våren planlegg me å starta arbeidet med å ta ned utvendig kledning så varsamt som me klarar. Me tenkjer vidare å etterisolera med trefiber, før me tek opp att den same 125-årige kledningen. Vindauga skal sjølvsagt restaurerast.

DSCF2842.jpg

På oppsida av huset tenkjer me kanskje å laga eitt bislag til, slik at det vert symmetri. I tillegg vil det verta varmare i gangen. Døra er frå 70-talet, men me tenkjer å byta den ut med ei eldre ei.

I tunet er det óg eit anna bustadhus. Prestegarden brukte nemleg å ha eit paktarhus, der paktarane på garden budde. For oss vil det alltid vera huset der syster til besto vår budde, Brita. Difor kallar me gjerne huset for Britahuset. Av og til kallar me det “vetlahuset”, men vetlahuset er visst eit anna namn for utedo, så det passar ikkje alltid. Men Britahuset er lite og søtt, og i fjor restaurerte me det. Det einaste som manglar å få ferdig er bislaget utvendig. Britahuset var eigentleg måla raudt, men me valte å måla det kvitt i fjor.

Sei hei til Britahuset!

Sei hei til Britahuset!

På prestegarden har me óg eit gamalt stabbur og eit vedhus. Heilt fram til 1960-talet stod det og ei løa som var i bruk. Men den vart diverre riven før besteforeldra våre kjøpte garden. Løa vil me gjerne byggja opp att i same stil slik at det gamle firkanttunet vert komplett att.

Vedahuset til venstre og stabburet til høgre. Frå gamalt av hadde paktaren veden sin til venstre og presten hadde inn døra til høgre.

Vedahuset til venstre og stabburet til høgre. Frå gamalt av hadde paktaren veden sin til venstre og presten hadde inn døra til høgre.

Vedahuset har og ein gamal utedo

Vedahuset har og ein gamal utedo

Litt utanfor tunet står det eit gamalt eldhus. Som me ikkje heilt veit kva me skal gjera med. Akkurat no dett taksteinen ned frå det. Fyrste plan er å få redda taksteinen for vinteren.

37385317484_2aa256d181_o.jpg

Prestegarden er i prinsippet ikkje lengre ein gard sidan jorda utanfor hagen er skilt frå prestegarden. Så jorda utanfor står og forfell. Det som ein gong var jordbruksjord er no ganske attgrodd.

Graset nærmast er del av hagen vår. Eit prov på at graset ikkje alltid er grønare på andre sida. For på andre sida er det mykje pas, buskar og tre.

Graset nærmast er del av hagen vår. Eit prov på at graset ikkje alltid er grønare på andre sida. For på andre sida er det mykje pas, buskar og tre.

Dette var simsalabim og voila, prestegarden vår. Det einaste me ikkje har skildra er den vesle funkisgarasjen vår som er bygt på 70-talet og som har asbestplater på taket. Der er det berre kaos for tida. I tillegg har me eitt lite drivhus. Drivhuset og garasjen får få sine minutt i rampeljoset seinare.